SKREDFARE: På Vestlandet er det også torsdag betydeleg til stor fare for skred. (Foto: Meteorologisk institutt @meteorologene på Twitter)

Regn og mildvêr gir aukande skredfare

Publisert 14.02.2019 kl. 06.49. Oppdatert kl. 07.02.

Regn gir aukande skredfare på Vestlandet, og varsom.no melder om faregrad 3 i Indre Sogn. I Indre Fjordane er det meldt om faregrad 4 - stor skredfare.


Varsom.no melder at i høgfjellet vil vind og nysnø danna ferske fokksnøflak i NØ-Ø fjellsider med forholdsvis stor utbreiing. Vedvarande svakt lag kan vera mogleg å påverka der den gamle fokksnøen er tynn eller mjuk. 


Lågare ned i terrenget vil mildvêr og regn svekka bindingar i snødekket. Særleg der snødekket ikkje har vore påverka av regn og varme tidlegare, vil det vera størst fare for naturleg utløyste skred.


Utbreinga av skredproblema vil variera i regionen. I Jostedalen har nok mildvêrsgrensa siste døgnet vore lågare enn ute ved fjorden, slik at her kan grensa for våte flakskred gå lågare.


Les meir om: Nyhende Fjellsport Uvêr