MELLOMBELS: I sommar går Jan Inge Fardal og Sogn Avis ned til tre avisdagar i veka, men vil oppdatera kontinuerleg på nett kvar dag. Til hausten er det tilbake til normal utgjevingstakt.

Reduserer frekvensen i sommar: - Dette er eit høve til å styrka den digitale satsinga

Tre aviser i veka, men minst like mykje innhald på nett.

Publisert 30.06.2019 kl. 12.00.

Det er den nye aviskvardagen i Sogn frå og med komande veke.


I seks veker framover vert frekvensen på papiravisa og e-avisa redusert til tre dagar i veka, tysdag, torsdag og laurdag, men i ei litt tjukkare utgåve enn vanleg.


Satsar på nett

- Det vert ikkje mindre innhald, tvert imot, seier redaktør Jan Inge Fardal, som lovar at Sogn Avis vil vera på hogget kvar dag, også i sommar.


Alle abonnentane har fått brev frå redaktøren med informasjon om omlegginga og korleis ein kan registrera seg som digital brukar.


- Det er viktig at abonnentane registrerer seg på nett, seier Fardal, og legg til:


- Me kjem til å oppdatera nettavisa kontinuerleg.


Mellombels

- Kvifor gjer du dette grepet?


- Posten skal gå ned til tre dagar neste år, og me vil testa dette no i sommar, seier Fardal, og legg til at det å trykkja og distribuera avisa på papir også har ei kostnadsside.


Redaktøren fortel at konkurrenten Firda er med på notane. Også dei kuttar to utgjevingsdagar i veka denne sommaren.


Det nye opplegget er mellombels og frå 12. august vil Sogn Avis koma tilbake med fem utgjevingar i veka.


- Dette er òg eit høve til å styrkja den digitale satsinga vår, seier Fardal, og appellerer til lesarane:


- Dei abonnentane som er redde for å missa noko må registrera seg digitalt så dei får med alt.


Siste saker Gå til framsida