Årdøl vart lottomillionær

Publisert 14.09.2019 kl. 21.27.

Ei kvinne frå Årdal vann over ein million kroner i supertrekninga laurdag.


Det vart trekt heile 35 ekstra Lotto-millionærar i supertrekninga denne gongen, og dei er fordelte over heile landet.


Fire vinnarar er frå Sogn og Fjordane, melder Norsk Tipping på sine nettsider.


Dei andre vinnarane her i fylket er ei kvinne frå Førde, ein mann frå Naustdal og ei kvinne frå Selje. 


 


Les meir om: Nyhende Årdal