
Quizfeber i Leikanger: - Utruleg morosamt
35 lag og over 150 personer møtte opp.
Villmarka arrangerte laurdag quizkveld. Quizmasterane Joar Strand og Bård Henjum er veldig nøgde med oppmøtet.
- Me venta kanskje at 50-60 skulle koma, men at det kom tre gonger så mange, er utruleg morosamt, seier Henjum.
Samlingsstad
Henjum fortel at målet med quizen ikkje nødvendigvis er å svara rett på alle spørsmåla, men at sambygdingar kan samlast i hyggeleg lag og få eit avbrekk frå kvardagslege gjeremål.
- Sjølvsagt er det viktig for nokon å svara rett på spørsmåla, og slå naboen eller kollegaen. Men hovudmålet vårt er at folka skal kosa seg saman, slik at dei kjem attende neste gong.
Det var premiering av dei tre beste laga, og i tillegg premiar - gitt av lokale sponsorar - trekte ut på loddtreking.
Held fram
Henjum understrekar at quizen er for alle, og at dei prøver å leggja til rette for at spørsmåla skal treffa flest mogeleg.
- Me er ikkje dei mest erfarne quizmasterene, men me prøver å laga eit kjekt opplegg med varierte spørsmål som kan passa for folk flest, seier han
Dato for neste quiz er ikkje sett, men quizhaldarane lova at det ikkje vert lenge til.
- Det er tydelegvis ein marknad for pub- og quizliv i Leikanger. Dette kjem me til å halde fram med.