Politiet blir med russen på toget

Publisert 30.01.2019 kl. 10.14.

Til helga er den årlege russeturen til Geilo. Denne festen har tidlegare ført til mange uheldige episodar, opplyser politiet i Bergen, og dei vil, som i fjor, ha tett oppfølgjing av russen i samband med turen.


- Me bilr med russen på toget og har samarbeid med politiet på Geilo, opplyser Gry Benedicte Halseth, kommunikasjonsrådgjevar i Vest politidistrikt.


- Kanskje føler noko av me legg ein dempar på festen, men me fekk gode tilbakemeldingar i fjor, også frå russen. Dei følte ein tryggheit med at politiet var synlege, legg ho til.


Poitiet oppmodar foreldra om å ta ein prat med ungdomane før dei sender dei på tur.


Les meir om: Nyhende Notis Politi Ung

Siste saker Gå til framsida