POPULÆRT: Mange vil oppleva dette frå sykkelsetet. Men berre dei 600 første fekk plass då Jotunheimen Rundt 2019 vart fullteikna på ny rekordtid. (Arkivfoto: Håvard Nesbø)

Påmeldinga starta laurdag - fullteikna på rekordtid

Berre 1 minutt og 13 sekund tok det før dei 600 plassane i Jotunheimen Rundt var rivne vekk.

Publisert 03.12.2018 kl. 13.10. Oppdatert kl. 13.27.

Årets utgåve av det populære sykkelrittet Jotunheimen Rundt vart fullteikna på berre to minuttar. Laurdag klokka 12 opna påmeldinga til løpet neste år - som startar i Lærdal 28. juni. Berre 1 minutt og 13 sekund tok det før namna dei 600 deltakarane var på plass. Det er ny rekord, opplyser arrangørane.


- God kvalitet

- Det viser at folk set dette rittet veldig høgt, me har god kvalitet og søkjelys på tryggleik, seier Jørgen Ulrik Berg, marknadssjef i det som blir kalla Noregs tøffaste sykkelritt.


- Og så trur eg me er gode på digitale flater, legg han til.


500 fekk ikkje plass

Berg fortel at det er kapasiteten som gjer at dei ikkje vil ha meir enn 600 deltakarar, trass den store interessa.


- Me kunne lett vore over tusen deltakarar, men me vil halda på kvalitet framfor kvantitet, seier han og opplyser at det etter påmeldinga laurdag er 500 i kø.


For dei som ikkje fekk plass i Jotunheimen Rundt, eller som ynskjer ein smakebit av rittet, er det framleis mogeleg å sikra seg plass i Sognefjellsrittet 2019, opplyser Berg.


- Der er det ope for påmelding no, fortel han måndag føremiddag.


Les meir om: Nyhende Sport Lærdal Sogndal