Pasientombod vert i Førde

Publisert 16.01.2020 kl. 16.26.

Det er no klart at Pasient- og brukarombodet skal vera i Førde. Stortingsrepresentant frå Høgre, Frida Melvær, skriv i ei pressemelding at regjeringa styrkar ordninga med ein ny koordineringsfunksjon, og opprettheld dagens 15 lokale kontor. Den koordinerande rolla er lagt til kontoret i Bergen.


H, FrP, V og KrF meiner at det er viktig at alle pasientar og brukarar får bistand uavhengig av kvar dei bur. Det er i dag pasient- og brukarombod i alle fylke i landet.


- Me opprettheld desse lokale kontora, sjølv om me no har endra fylkesgrensene våre, skriv Melvær.


 


Les meir om: Nyhende Notis Helse Politikk