EIGEN KULTUR: - Me prøver å ha ein kultur for å ivareta heile mennesket, kanskje ut over det som er vanleg, og er glade for at pasientane trivst så bra her, seier Margun Thue, stadleg leiar ved Lærdal sjukehus. (Arkivfoto)

Pasientane gir tommel opp til Lærdal sjukehus

20 prosent av 81 uformelle tilbakemeldingar var skryt til ortopedisk avdeling.

Publisert 03.03.2018 kl. 12.15.

- Det er flott at pasientane er så nøgde med behandling og opphald her i Lærdal, seier stadleg leiar Margun Thue ved Lærdal sjukehus.


Lytteposten til Helse Førde er kanalen der pasientane kan gje helseføretaket ris eller ros, enten på telefon, e-post eller sms.


Helse Førde melder at dei fekk 81 slike i fjor. Meir enn 20 prosent, altså kvar femte sak, var skryt til ortopedisk avdeling ved Lærdal sjukehus. 


 


Halvparten ris

Lytteposten er ein kanal pasientane kan nytta til å seia frå kva dei er nøgde med, kva som kan bli betre eller koma forslag til endringar. 


Lytteposten er eit supplement til dei meir formelle klageordningane og det er ikkje meininga at ein her skal melda alvorlege saker som feilbehandling eller pasientskader. 


Om lag halvparten av dei 81 sakene til Lytteposten var ris til helseføretaket. 


Av desse handla flest, rundt 19 saker, om klage på dårleg kommunikasjon eller dialog mellom pasient og behandlar. 


Eigen sjukehuskultur

- Me prøver å ha ein kultur for å ivareta heile mennesket, kanskje utover det som er vanleg, og er glade for at pasientane trivst så bra her, seier Thue i pressemeldinga. 


Tala frå Helse Førde viser at bruken av Lytteposten har auka frå drygt 50 saker i 2016 til 81 saker i 2017. 


Det kom også inn fem konkrete framlegg til forbetringar via Lytteposten i fjor. 


Les meir om: Nyhende Helse Lærdal