På oppdrag i kyrkja

Sjå video

Publisert 18.11.2016 kl. 15.20.

Nokre timar fullstappa med program nærmar seg slutten. 27 åtteåringar frå Sogndal og Leikanger har bygd tårn av plastkoppar, bretta sparebøsser av papir, jakta på symbol i kyrkja, sunge tårnagentsangen, bygd fyrstikkhus og fått gode råd av ein erfaren politimann. Men Sondre Svidal-Møller er ikkje i tvil om kva som har vore den største opplevinga:


- Det kjekkaste var å klatra i tårnet.

SYMBOLJAKT: Tårnagentane fekk høyra om symbol dei kan finna i kyrkja. Etterpå fekk dei gå på jakt med kamera og ta bilete. (Foto: Mariann Skau)

- Mot himmelen

For der, høgt oppe i Stedje kyrkje, fekk tårnagentane klatra opp den smale trappa, som er nesten så bratt som ein stige og som snirklar seg oppover i tårnet. Og då dei hadde klatra heilt til topps, fekk dei sjå ikkje berre ei, men tre kyrkjeklokker.


- Kyrkjetårnet er så høgt for det peiker mot himmelen, fortel Emma Bøyum.


Til liks med Sondre tykkjer ho det har vore veldig kjekt å vera tårnagent i kyrkja.


- Me har lært kva fargane grønt og lilla betyr, og me har lært å samarbeida, seier Emma.

FEKK CD: Alle tårnagentane fekk ein CD med tårnagentsangen frå trusopplærar Monica Ugulsvik. (Foto: Mariann Skau)

Frå alle sokna

Trusopplærar Monica Ugulsvik fortel at det er fjerde gong dei har tårnagent-helg for åtteåringar i Stedje kyrkje.


- Dette er noko me satsar på, og for første gong hadde me deltakarar frå alle fem sokna: Leikanger, Norum, Sogndal, Fjærland og Kaupanger.


Ugulsvik fortel at dei får veldig gode tilbakemeldingar på opplegget både frå ungane og foreldra.


- Det tykkjer me er veldig kjekt, seier ho og understrekar at dette er noko dei klarer å få til med god hjelp frå veldig mange frivillige.


Tårnagentane møtest først til utforsking i kyrkja laurdag, og så deltek dei i gudstenesta søndag.


- Lærer av ungane

Sokneprest Kjell Olav Høstaker Nordheim fortel at dei har fleire grunnar til å invitera åtteåringane til ei litt annleis helg i kyrkja.


- For det første får dei moglegheit til å utforska ei kyrkje i nærområdet. Kyrkja er den mest utsmykka bygningen i lokalmiljøet, og uavhengig av korleis ein stiller seg til trusspørsmålet, er det eit bygg det er fint å utforska. Så ynskjer me å finna ut kva som er det gode i livet, og korleis me kan utføra oppdrag for kvarandre. Det handlar om korleis me kan hjelpa kvarandre.


Og han understrekar at denne helga er det snakk om læring begge vegar.


- Her er det ikkje slik at ungane berre skal koma og høyra på det me har å seia. Me har òg mykje å læra av deira nysgjerrigheit, spontanitet og dei gode spørsmåla dei stiller. Dette er ein fin dag for presten på jobb der eg får høyra noko om kva som betyr noko.