På jakt etter kandidatar til ungdomspris

Publisert 11.01.2019 kl. 14.05. Oppdatert kl. 14.06.

Fylkeskommmunen etterlyser no kandidatar til gründerprisen for ungdom. Prisen på 50.000 kroner skal stimulera unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablera nye verksemder og skapa nye arbeidsplassar i fylket.


Aktuelle kandidatar til gründerprisen må vere mellom 18 og 35 år og busett i Sogn og Fjordane. Verksemda må vere lokalisert i fylket og etablert i løpet av dei siste fem åra. Nyetableringa skal ha eit tydeleg forretningspotensiale.


Prisen vert delt ut på fylkestinget 24. april.


Juryen for prisen er samansett av representantar frå Innovasjon Norge, NHO, Fylkesmannen i Vestland og Sogn og Fjordane fylkeskommune.


Tidlegare har mellom andre Elde Cosmetics, SGN Skies, Videonor og Moods of Norway vunne prisen.


Les meir om: Nyhende Notis