OPNING: Miljøseminaret starta onsdag, her med fylkesordførar Jenny Følling i front. (Foto: Birthe Johanne F. Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Opna årets miljøseminar

Fylkesordførar Jenny Følling opna miljøseminaret i Florø 7. februar.

Publisert 07.02.2018 kl. 18.03. Oppdatert kl. 18.59.

Som oppvaksen i Gaular ved lakseelva Gaula, var ho opptatt av at vekst i oppdrettsnæringa skal skje side om side med dei flotte av lakseelvane våre, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Fylkesordføraren la vekt på at fylkeskommunen vil vera ein viktig utviklingsaktør for oppdrettsnæringa i det grøne skiftet. Ho trekte også fram vestlandsrådsprosjektet om opprydding og hindra  forsøpling av plast til det marine miljø.

Miljøseminaret i Florø har vorte ei årleg samling for næring, forvaltning og forsking. Seminaret strekker seg over to halve dagar. Den første dagen får dei over 100 deltakarane informasjon om siste nytt frå Nærings- og fiskeridepartementet, tilstanden for vill laksefisk, miljøovervaking og beredskap mot rømming i oppdrett og ei påminning om vårt felles ansvar for havmiljøet og for opprydding av forsøpling.

Dag to er temaet «sirkulærøkonomi». Det vert informasjon om mikroalgar og andre nye ingrediensar i framtidas fôrproduksjon til oppdrettsfisk, og om korleis avfallet frå oppdrett kan nyttast til produksjon av anna proteinproduksjon. Forvaltninga får også taletid og vil seia litt om søknadshandsaming, oppfølging og teknisk.