SPERRA VEGEN: Slik ser det ut på utsida av nye Langanestunnelen på gamlevegen mellom Veitastrond og Hafslo 20. desember. (Foto: Hildegunn S. Heggestad)

Opna ny tunnel - så kom raset

Rassikring med tunnel på vegen mellom Veitastrond og Hafslo kom i grevens tid.

Publisert 20.12.2016 kl. 11.53. Oppdatert kl. 12.12.

Torsdag sist veke klypte dei snora til den nye Langanestunnelen på fylkesveg 337 mellom Veitastrond og Hafslo. No er gamlevegen på utsida av tunnelen stengd av eit stort steinras.


- Kunne gått gale

- Dette betyr berre at det var på tida at tunnelen kom. Og det var greitt at raset venta til no. Dette kunne gått gale om det hadde vore folk der, seier Hildegunn S. Heggestad.


Ho fekk høyra om raset tysdag, etter at nokre arbeidarar som skulle køyra vegen med lastebil, hadde måtta rygga tilbake. Ho tok seg då ein tur til rasstaden for å sjå.


- Ein stor stein hadde øydelagt vegen og rekkverket, seier Heggestad.


Det har også kome ned fleire mindre steinar og tre i vegbana.


Les òg: Endeleg tryggare kvardag


Blir ikkje rydda no

Raset har, ifølgje vegvesenet, gått ca. 500 meter frå tunnelopninga på veitastrondssida.


- Me har fysisk stengd vegen, seier Johan Njåstad, byggleiar i Statens vegvesen.


Vegen vil ikkje bli rydda og reparert no.


- Denne vegen er definert som ein vinterstengd fylkesveg. Vegen kjem til å bli stengd til det nærmar seg opning, og me kjem til å gjera ei ny vurdering til våren, seier Njåstad.


Njåstad er glad for at dei fekk opna tunnelen før raset kom.


- Dette viser at det absolutt er behov for denne tunnelen, og det er jo difor me byggjer rassikringstunnelar, seier han.


Hildegunn S. Heggestad fortel at dei har fått ein ny kvardag etter at tunnelen kom.


- Men det er fleire stader på Veitastrondsvegen dette kan skje. Vegen er vorten tryggare, men ikkje trygg.


Siste saker Gå til framsida