Omkom etter MC-ulukke i Fjaler

Publisert 11.09.2019 kl. 13.07.

19 år gamle Adrian Grimsbø Djupvik frå Førde omkom etter ei motorsykkelulukke på fylkeseg 57 ved Nistadli i Fjaler tysdag kveld.

Han vart send med legehelikopter direkte til Haukeland sjukehus etter ulukka, men livet hans stod ikkje til å redda, opplyser politiet.

Politiet vart varsla om ulukka klokka 20.18. Det vart opplyst at nokre motorsyklar hadde køyrt saman, og at to av dei hadde vorte usette for ei trafikkulukkke.

Føraren av den andre motorsykkelen vart frakta i ambulanse til Førde sentralsjukehus.

Lokal krimteknikker og ulykkesgruppa til Statens vegvesen har gjort undersøkingar på staden, i tillegg til lokale politipatruljar, opplyser politiet.


Les meir om: Nyhende Notis Politi