Oljeutslepp i hamna i Flåm

Det har leke ut olje i hamnebassenget i Flåm. Brannvesenet er på staden for å prøva å samla det opp.

Publisert 23.08.2017 kl. 12.39. Oppdatert kl. 14.54.

- Hendinga er tragisk og slikt skal ikkje skje. Dette bør få konsekvensar, seier assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje.


Opna ventil

I 11-tida onsdag oppdaga folk frå hamnevesenet at det vart sleppt ut olje frå ein båt i hamna. Heile hamnebassenget, og sæleg området rundt Flåm Marina, er ramma.


- Me kom forbi akkurat då det skjedde. Det er snakk om utslepp frå ein lokal båt, ikkje frå eit cruiseskip. Ein person om bord i båten hadde opna ein ventil han ikkje skulle opna, og dermed kom det spillolje ut i fjorden, fortel hamnesjef John Erik Johnsen, som kan opplysa at det er første gong i hamnevesenet si tid at dei opplever eit utsepp av eit slikt omfang.


Sogn Avis får opplyst at utsleppet ikkje kom frå nokon av båtane som leiger båtplass i Flåm Marina.


Johnsen kan ikkje seia noko om kor mykje olje som har kome ut i fjorden.


- Men det er såpass mykje at me meiner det er verdt å prøva å samla det opp.


Lenser

Sju personar frå brannvesenet er kalla ut.


- Dei driv og riggar seg til med lenser for å prøva å avgrensa og samla opp oljeutsleppet, seier Johnsen i 12.15-tida.


Det er også kalla ut slamsugebil frå Sogndal.


Hamnesjefen opplyser at naturoppsynet har vore på staden.


- Dei oppfattar det ikkje som nokon fare for sjøfugl, men det viser veldig godt. Olja er synleg på fjorden.


Johnsen opplyser at Kystverket er informert.


Onsdag ettermiddag opplyser Johnsen at den aldrande båten som forårsaka utsleppet no skal leggjast til kai. Det skal gjerast undersøkingar og eventuelt utbetringar slik at dette ikkje skjer på nytt.


Siste saker Gå til framsida