OPTIMISTISK: Den nye testmetoden gir Ameli Tropé i livmorhalsprogrammet håp om at den frykta sjukdomen blir utrydda. (Pressefoto)

Ny test gir håp: - Kan Sogn og Fjordane bli første fylket utan nye tilfelle av livmorhalskreft på eit år?

Frå 1. januar 2019 er det innført ein ny testmetode på livmorhalsprøva for kvinner i Sogn og Fjordane.

Publisert 12.02.2019 kl. 08.45. Oppdatert kl. 11.51.

- Med denne testen får me eit betre screeningprogram. Målet er å førebygga endå fleire tilfelle av livmorhalskreft, seier leiar i livmorhalsprogrammet Ameli Tropé, i ei pressemelding.


Kvart år får om lag seks kvinner i Sogn og Fjordane livmorhalskreft. I Noreg er talet totalt på rundt 350 tilfelle i året, men Tropé håpar at eit enda meir effektivt screeningprogram skal føra til reduksjon av desse tala.


Test kvart femte år

- Kan Sogn og Fjordane bli det første fylket der det går eit heilt år utan nokre tilfelle av livmorhalskreft? Det er mogleg, men då må kvinnene sjekka seg i tråd med tilrådingane, og helsepersonalet må ta prøvane rett og fylgja opp kvinnene nøye, seier Tropé.

På grunnlag av betre testmetodar og vaksine mot HPV-smitte (Humant Papilloma Virus), som er årsak til nesten alle tilfelle av livmorhalskreft, er fagmiljøa no optimistiske både i Noreg og internasjonalt. Det rår sterk tru på at det kan vera mogleg å utrydda denne frykta sjukdomen.

Frå 1. januar 2019 skjer analysane for kvinnene i Sogn og Fjordane slik:
Aldersgruppa 25 år - til og med 33 år vert som før undersøkt for celleforandringar. Ved normalt prøvesvar er neste prøve om 3 år. For aldersgruppa 34 år - til og med 69 år går laboratoriene gradvis over til ny metode, med test for HPV. Ved normalt prøvesvar blir neste prøve etter 5 år. HPV-testen er meir kjensleg enn den gamle testmetoden så det er nok å sjekka seg kvart 5. år dersom testen er fin.


Kan ikkje velja

Tropé understrekar at den gamle testmetoden også har god kreftførebyggjande effekt, men med denne må kvinnene sjekka seg kvart 3. år.  Overgang til den nye testmetoden vert gjort gradvis for å sikra at alle ledd i Livmorhalsprogrammet har kapasitet til omstillingene. Kvinnene kan ikkje velja testmetode.


Den nye prøva vert teken på same måte som tidlegare, ved gynekologisk undersøking, men analysen på laboratoriet i etterkant er ny. Den nye testen leitar etter smitte med HPV, medan prøva tradisjonelt har vorte granska i mikroskop. HPV er svært vanleg og dei fleste kvittar seg med smitten utan å ha merka at dei har vore smitta.


- Har ei kvinne HPV-smitte, er det verken einstydande med å få celleforandringar eller å få livmorhalskreft, men ho må fylgjast tettare. Dei aller fleste som vert smitta, kvittar seg med smitta igjen utan å merka noko, seier Tropé


Livmorhalsprogrammet sender som før påminning når det er tid for ny prøve. Kvinnene treng såleis ikkje hugsa på kva testmetode dei er sjekka med.


- Me vil også fylgja utviklinga i frammøte. Det viktigaste kvinnene sjølve kan gjera, er å ta livmorhalsprøve når påminninga kjem, understrekar Tropé.


Les meir om: Nyhende Helse