TURNÈ: Det blir ein ny runde med danseteater denne våren. (Foto: Espen Nyttingnes/Rakkar, Sogn og Fjordane Teater)

Ny runde med danseteater

Musikalsk tidsreise legg turen innom Sogn.

Publisert 08.03.2018 kl. 18.44.

I 2016 turnerte Sogn og Fjordane Teater med danseteateret «På lokalet» rundt omkring på ungdomshus i heile fylket, og såg ikkje føre seg kor omsverma teateret skulle bli.

- Sogn og Fjordane Teater sette opp ekstraframsyningar og la til spelestader, men til slutt var det inga bøn. Siste klinedans tona ut. No er det klart for ønskereprise, og denne gongen går turen til dei som blei «veggpryd» i første runde, heiter det i ei pressemelding frå teateret.

«På lokalet» kjem til Lærdal, Gaupne, Kaupanger og Høyanger 13.-16. mars. «På lokalet» løftar teateret ut av kultursalar og inn på forsamlingshus, og ein får sjå korleis desse husa har blitt brukt opp gjennom åra. Spelestadane er nye og nokre av dansarane er erstatta.

Sogn og Fjordane Teater kallar dette draumeturen tilbake til ungdomstida for dei som vaks opp med dans på lokalet, og ei lita tidsreise for dei som er for unge til å ha opplevd det. - I døra til samfunnshuset blir du møtt av skodespelar og songar Idun Losnegård i rolla som dama med nøklane. Du veit, ho som låser opp og igjen dører og syter for at alt går riktig for seg. Ho tek vare på deg og alle og huset og heile framsyninga. Ho moppar og kjeftar, og innimellom tek ho seg ein blås. Det er òg Idun som bind heile framsyninga saman med songane som vi kjenner att, blant anna "Fru Johnsen", "Wonderful tonight" og "The winner takes it all".

Turneen startar i Førde 2. mars og reiser rundt i fylket, før den endar i Førde igjen 24. mars.