Ny førjulsserie på sognavis.no

Dei kan prata, men kan dei baka?

Publisert 23.11.2016 kl. 18.39. Oppdatert kl. 13.02.

Du har kanskje sett dei før, men kun eit fåtal har sett dei bak disken. 

Kvar laurdag fram til og med jul, vil du få møta ein gjeng sogningar i ei litt anna drakt.

«Bak disken» er ein serie førjulsprogram der deltakarane i tillegg til å bake, let praten gå. Det siste er dei i allefall gode på. Resten står att å sjå.

Ideen bak programserien er eit litt anna portrettintervju enn kva ein kanskje er van med i Sogn Avis.
- Me har senka skuldrane litt. Ein raud tråd er bakinga. Men det kjem fram mykje forskjellig som du kanskje ikkje har høyrt før frå deltakarane. Me hadde det i allefall moro. Og me vonar sjåarane vil ha det same, seier Helge Nesse Slinde.

Han har fått ansvaret med å halda gjestene samla og ikkje minst fokuset.

- Når skravla går er det lett å gløyma seg vekk. Men me har lukkast med å laga fem program på eit kvarter kvar. Der me har med deltakarar som representerer alle kommunane i Indre Sogn.

Kva du kan venta deg kan du sjå nokre klipp frå, øverst. Laurdag brakar det altså laust med programserien «Bak Disken» på sognavis.no


Les meir om: Nyhende Video