BRU FOR 100 ÅR: Gamle Loftesnesbrui får avløysing i løpet av dette og neste år. Ho blei nesten 60 år. Den nye er laga for å bli 100. minst. (Foto: Tor Arne Aasen, Samferdselsfoto)

Ny bru inn for landing

Nye Loftesnesbrui er på plass.

Publisert 04.02.2017 kl. 16.34.

Det skjedde klokka 14 laurdag. Etter fem kvarter i lufta og 4-500 meter gange over Fjørebukta var midtseksjonen der han skulle vera. Det 410 tonn tunge løftet blei buksert inn mot gamlebrui av kranskipet Uglen.


Etter læreboka

I det perfekte veret gjekk heile operasjonen etter læreboka.


- Det gjekk veldig greit, seier prosjektleiar ved Statens vegvesen, Gunnar Solbakken, som i 17-tida kunne senka skuldrane. Då var heile vekta lagt til kvile på dei solide festene på kver side av den bogeforma seksjonen over sundet.


Dermed var regionsentret sitt nye landskapselement teikna. Slik skal Sogndal sjå ut dei neste 100 åra.


Opning neste år

Nyebrua blir opna for trafikk i november. Den offislelle opninga skal skje først i 2018, på eit tidspunkt etter at gamlebrui er montert ned og dei gamle brufesta fjerna.


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida