OPNING: Prorektor Bjørg Kristin Selvik heldt tale på opninga av nytt studieår i Sogndal. (Foto: Sigrid Nese)

Ønskte studentane velkomne til Sogndal

I dag er det opning av nytt studieår i Sogndal.

Publisert 15.08.2018 kl. 10.24. Oppdatert kl. 12.19.

Klokka ti onsdag var det opning av det nye studieåret utanfor kantina i Høgskulebygget i Sogndal.


Tusen studentar

Prorektor Bjørg Kristin Selvik ønskte nye og gamle studentar velkomne til bygda.


Ho opplyser at ca. 900 studentar har takka ja til studieplass i Sogndal. I tillegg har dei mange studentar på vidareutdanningar og deltidsutdanningar.


På programmet for opningsarrangementet står velkomsttalar, musikkinnslag og presentasjon av studentsamskipnaden Saman og studentorganisasjonane.


Så blir det omvisning på campus i faddergruppene for dei nye studentalen, før studentsamskipnaden deler ut gratis lunsj.


Seinare i dag blir det grillmat i Sentrumsparken der studentorganisasjonane vil stå på stand.


- Må ha store ambisjonar

Nærmare 6.000 studentar står klare bak streken når startskotet for eit nytt studieår i dag går av ved Høgskulen på Vestlandet, opplyser Studenttinget på Vestlandet i ei pressemelding.


- Høgskulen må ha store ambisjonar på vegner av studentane sine og dei tilsette, og sørga for at alle ressursar vert nytta til det fulle i søken etter læring og i arbeidet med utvikling av fagleg kompetanse. Studentane fortener å bli møtt av eit inkluderande fagmiljø, utfordringar, varierte arbeidsoppgåver og undervisning som vekkjer nysgjerrigheita og motiverer til læring og utvikling, seier Bjørn Olav Østeby, leiar av Studenttinget på Vestlandet.


Les meir om: Nyhende Høgskulen Sogndal