TIL SOGNDAL? Lokalpolitikarane ynskjer utdanninga til Nortind velkomen til Sogndal. Tysdag skal ein søknad om støtte frå Sogn og Fjordane fylkeskommune behandlast. (Illustrasjonsfoto: Linda Hallandvik)

Ønskjer høgfjellsskule velkomen til Sogn

Fellesnemnda i nye Sogndal kommune prøver å lokka ny høgfjellsskule til Sogn.

Publisert 18.03.2019 kl. 14.25.

- Fellesnemnda i nye Sogndal kommune har merka seg planane om å etablera Noregs Høgfjellskule, og me er stolte over at Sogndal er ein av tre aktuelle lokaliseringsstader. Me vil med denne uttalen markera vår støtte til etableringa og ønskjer Norges Høgfjellskule velkomen til Sogndal, heiter det i uttalen til Nortind.


Organisasjonen skal starta opp ein ny nasjonal fagskule for å utdanna tindevegleiarar og skiguidar. Sogndal er, saman med Åndalsnes og Hemsedal, peika ut som aktuelle stader å etablera skulen.


Samarbeid

I uttalen peiker fellesnemnda på at nye Sogndal har tydelege mål og ambisjonar om å vera ein utviklingsorientert og næringsvennleg kommune.


- I Sogndal vert Norges Høgfjellskule ein del av ei velfungerande klyngje innan friluftsliv og naturbasert reiseliv på Campus Sogndal, heiter det i uttalen.


Fellesnemnda trekkjer fram at det i Sogndal ligg godt til rette for samarbeid på tvers av organisasjonar.


- Det er slik me har bygd Sogndal: Kvar og ein er me små, men saman er me smarte og sterke, skriv nemnda og nemner mellom anna mogelegheita for å kombinera studium som gjev mastergrad i friluftsliv, tilgang til undervisningslokale og toppidrettssatsing på klatring. Det vert også trekt fram at Nasjonalparkforvaltninga, Breheimsenteret og Bremuseet kan bidra med førelesingar inn i ulike kurs og kanskje finansiering.


- Relevant natur

Med mange tindevegleiarar tilsette ved utdanningsinstitusjonane i Sogndal og fleire guideselskap drivne av tindevegleiarar i regionen, vil det vera enkelt å innfri kravet om avtale om praksisplassar i same region som fagskulestudiet vert etablert, meiner fellesnemnda.


Lokalpolitikarane nyttar også høvet til å trekkja fram at Sogndal er kjend for eit svært godt studiemiljø.


Det vert i uttalen også peika på anna som er på gang i Sogndal, og som fellesnemnda meiner kan vera til nytte for den nye utdanninga, mellom anna klimatilpassingssenteret ved Vestlandsforsking, etablering av Sogndal Fjell- og fjordsportssenter og Dalalåven i Sogndal Skisenter Hodlekve.


- Og viktigast av alt: Sogn kan tilby spektakulær og relevant natur for Norges Høgfjellskule. Ei ekte leikegrind for store og små - Velkomen! heiter det i uttalen, som er underskriven leiaren i fellesnemnda, Jarle Aavoll.


Søkjer økonomisk støtte

Nortind har søkt fylkeskommunane i Buskerud, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal om tilskot til å starta opp den nye nasjonale fagskulen.


I november vart det løyvd 150.000 kroner til skulen frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, viss utdanninga vert lagt til Sogndal. Tysdag skal Hovudutval for næring og kultur ta stilling til ein ny søknad om støtte frå Nortind.


Fylkesdirektøren rår hovudutvalet å støtta etableringa av Nortind fagskulestudie med 400.000 kroner med atterhald om at studiet blir starta opp i Sogndal. Viss det blir vedteke, vil fylkeskommunen støtta studiet med til saman 550.000 tusen kroner. Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å støtta utdanninga med tilsvarande sum dersom utdanninga vert lagt til Åndalsnes.


Kvar studiet vert lokalisert, vert avgjort av Nortind i løpet av våren.


Siste saker Gå til framsida