HEILELEKTRISK: NSB eig 50 prosent av Flåm Utvikling, som driv reiselivssuksessen Flåmsbana. Fjord1 eig 50 prosent av The Fjords, med mellom anna helelektriske Future of the Fjords. (Arkivfoto)

NSB og Fjord1 etablerer eit felles nasjonalt reiselivsselskap

NSB og Fjord1 går saman om ny reiselivssatsing.

Publisert 04.12.2018 kl. 10.25. Oppdatert kl. 11.05.

Målet med reiselivsselskapet er å tilby miljøvennlege reiselivspakkar over heile Noreg, utvikle nye turistdestinasjonar og bidra til heilårsturisme, går det fram av ei pressemelding.


50 prosent kvar

- Målsetjinga er å etablera ein sterk sals- og marknadsføringsportal som skal marknadsføra Noreg som ein miljøvennleg reiselivsdestinasjon også internasjonalt, seier Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1.


NSB-konsernet og Fjord1 har inngått ein intensjonsavtale om å etablera eit nytt reiselivsselskap, som dei to selskapa skal eiga 50 prosent kvar. Reiselivsselskapet skal sjølv og gjennom partnarar utvikla og samla reiselivstilbod og opplevingar i heile Noreg, og tilby miljøvennlege rundreiser som saumlaust kombinerer transport med overnatting, aktivitetar og andre opplevingar, heiter det i pressemeldinga frå dei to selskapa.


Nye destinasjonar

- Turistane som kjem til Noreg, følgjer ofte ei kjend turistrute. Det gjer at det kan bli ganske trongt enkelte stadar. Samstundes er det mange turistperler som ikkje får like mange besøkande. Me ønskjer saman med lokale aktørar å utvikla nye berekraftige destinasjonar og reiselivsaktivitet heile året. Eit døme er Romsdalen med Åndalsnes og Raumabanen, fortel Synne Homble, konserndirektør for mobilitet og reiseliv i NSB-konsernet.


Det felles reiselivsselskapet skal bidra til meir heilårsturisme.


- Noreg får flest besøkande om sommaren, men det er noko magisk med kvar årstid. Me skal laga pakketurar som freistar turistar heile året, seier Dagfinn Neteland i Fjord1.


Miljøvennleg turisme

NSB-konsernet består av både NSB Persontog og Nettbuss, og tilbyr kollektivtransport i store delar av Noreg. NSB eig 50 prosent av Flåm Utvikling, som driv reiselivssuksessen Flåmsbana. Fjord1 er Noregs største ferjeselskap og eig 50 prosent av The Fjords, med hybridskipet Vision of the Fjords og helelektriske Future of the Fjords.


??- Fjord1 sine båtar er eit globalt utstillingsvindauge for nullutsleppstransport til sjøs. Kombinasjonen av miljøvennlege båtar og rutegåande bussar og tog gir turistar som besøker oss eit berekraftig alternativ, seier Synne Homble.


Destinasjonar i heile Noreg NSB og Fjord1 samarbeider i dag om pakketurar som «Noreg i eit nøtteskal» som vert selt gjennom FjordTours AS.


- Rundreiser som «Noreg i eit nøtteskal» gjer det enkelt for turistane å oppleva norske høgdepunkt basert på kollektivtransport. Me ønskjer å satse vidare på miljøvennlege rundreiser i heile Noreg, seier Dagfinn Neteland.


Fjord1 og NSB eig til saman 74 prosent av aksjane i FjordTours AS.


- FjordTours er ein viktig suksess som me vil utvikla vidare. Det nye reiselivsselskapet vil halda fram med å selja pakkereiser gjennom FjordTours. FjordTours lanserer snart ny digital løysing som gjer det enda enklare å bestille turar til Noreg. Digital utvikling er sentralt for å styrka Noreg som turistdestinasjon, seier Synne Homble.


NSB og Fjord1 siktar mot å etablera selskapet rundt 1. mars 2019.


Les meir om: Nyhende Reiseliv