SNØFRITT: Mellom Haugastøl og Finse er det berrt på store delar av Rallarvegen. (Foto: Ingunn Halvorsen)

Noregs mest populære sykkelveg er snart sesongklar

Snøen smeltar på Noregs mest populære sykkelveg. I sommar vert det også oppgraderingar på strekninga.

Publisert 22.06.2019 kl. 19.00.

- Rallarvegen har klart seg bra gjennom vinteren og me er i full gang med årets vedlikehald. Arbeidet starta i Klevagjelet der fleire murar skal utbetrast, fortel fagruppeleiar Jon Hermann Rivenes i Bane NOR i samband med at årets sykkelsesong startar på Noregs mest populære sykkelveg.

REKKVERK: Vegen vert rusta opp i Klevagjelet. Her kjem det rekkverk og grus på toppen. (Foto: Jon Hermann Rivenes)

Berrt i vest

- Det ser lyst ut for tidleg sesongstart i år, om ikkje så tidleg som i fjor. Mellom Hallingskeid og Flåm er det allereie berrt, så du kan ta toget til Hallingskeid og sykla vestover. Den austlege delen frå Haugastøl til Finse vert truleg klar for sykling i slutten av juni, seier dagleg leiar Eldbjørg Kaupang ved Haugastøl turistsenter i pressemeldinga frå Bane NOR.


20.000 turistar

Rallarvegen vart etablert i 1895-1902 som anleggs- og transportveg for Bergensbanen. I dag er det om lag 20.000 turistar på det som er Noregs mest populære sykkelveg.


Den høgstliggjande delen av Rallarvegen, mellom Finse og Hallingskeid, er om lag 50 prosent snøfri i midten av juni. På Haugastøl opnar turistsenteret med sykkelutleige 28. juni medan Finsehytta startar sesongen to dagar seinare. Finse 1222 opnar sitt hotell og sykkelutleige 5. juli.


Vedlikehald

Utover sommaren skal det gjerast meir arbeid på vegen, mellom anna skal entreprenør grusa og gjera vedlikehald både i Myrdalssvingane og mellom Kleven og Hallingskeid.


Mellom Vatnahalsen og Kleven skal det gjerast småreparasjonar og vegen skal utbetrast mellom Grjotrust og Finse. Aust for Finse skal brua i Grytå rustast opp med nytt dekkje og rekkverk.


- Entreprenøren kjem til å arbeida utover sommaren på ulike passar. Det går fint å passera på sykkel så lenge ein er merksam på at maskiner og arbeidsfolk kan dukka opp rundt neste sving, seier Rivenes i Bane NOR.


Siste saker Gå til framsida