TILDELT PRIS POSTHUMT: Leikanger sin mykje omtykte sokneprest, Egon Askvik, er tildelt Johan Nordahl Brun-prisen 2017 for arbeidet sitt med å kopla kyrkja mot kulturen i bygdene. (Foto: Arkiv/Eli Grotle)

Nordahl Brun-prisen posthumt til Egon

På eit møte like før jul blei soknepresten i Leikanger, Egon Askvik, tildelt Johan Nordahl Brun-prisen 2017. Den avhaldne presten i Leikanger døydde nyårsaftan og mottek såleis prisen posthumt.

Publisert 04.01.2017 kl. 19.09. Oppdatert kl. 19.14.

Prisen går til personar innan Bjørgvin stift som har gjort ein god jobb som brubyggjar mellom kyrkja og samfunnet elles. Leikangerpresten fekk prisen for det breie engasjementet han har vist i samspelet mellom kyrkja og kulturen. Saman med resten av famlien sin har den avlidne soknepresten gjeve ut CD og halde konsertar med basis i folketonar og salmar. I fjor kom Egon Askvik også ut med ei bok, Kyrkjefolk, som er ein serie intervju med folk frå null til hundre i Leikanger.

I ei pressemelding frå prisjuryen blir det opplyst at tida ikkje strakk til for å overrekkja prisen. Mottarakaren av Johan Nordahl Brun-prisen 2017 døydde nyårsaftan. No blir det lagt opp til at enka, Hege, tek i mot prisen ved minnesamveret etter gravferda fredag førstkomande.

Egon Askvik var frå Seim i Nordhordland. Han vart ordinert til prest i 1988 og gjorde presteteneste i Aurland og Austrheim/Fedje innan han kom til Leikanger. Han var også ein habil fotograf. Han blei 58 år gamal.

Johan Nordahl Brun (1745-1816) var biskop i Bjørgvin frå 1804. Han er kjend som diktar, talar og prest og var fleire gonger i Leikanger. Om Leikanger prestegard er bispen kjend for å ha sagt: «.hvor jeg helst var og best var i hele Sogn.»


Les meir om: Nyhende Leikanger

Siste saker Gå til framsida