PROSJEKT: Vestlandsforsking samarbeider med fleire skular i eit prosjekt som skal auka interessen for IKT. F.v. Norunn Kjøsnes, Eid ungdomsskule, Ove Bjørlo, Eid vgs., Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking og Gro Iren Nedreberg, Stårheim skule. (Foto: Ole Jonny Lillestøl)

No skal dei få fleire jenter interesserte i programmering

Vestlandsforsking og skular testar ut ein samarbeidsmodell.

Publisert 17.12.2017 kl. 15.00.

Målet er å få fleire jenter interesserte i IKT og programmering. Deltakarane i samarbeidsmodellen er Vestlandsforsking, Eid vgs, Stårheim skule og Eid ungdomsskule.


Lite endring

Ho har forska på temaet i tjue år. Tala har faktisk ikkje forbetra seg sidan 80-talet, til forskjell frå andre fag der gutar og menn har vore i fleirtal, seier Corneliussen.


IKT-kompetanse er heilt sentralt for den oppveksande generasjonen si deltaking i samfunnet som vert meir og meir digital. Programmering vart frå 2016 tilgjengeleg som valfag i skulen, men det har vore lite fokus på å inkludera jentene i faget. Det vil miljøet på Eid og Vestlandsforsking gjera noko med.


Vil bli spydspiss

Prosjektet har fått namnet STILIG. Det står for «Samarbeidsmodell for trinnbasert inkluderande læringsmiljø i IKT i grunnskulen», og vil ha som mål å inkludera alle elevgrupper i IKT og programmering. I forprosjektet som starta i haust, vil ein invitera regionalt næringsliv, IKT-ekspertar, lærarar og elevar frå vidaregåande skule og ungdomsskule med på laget, for å utforska korleis dei kan bidra.


Erfaringane som vert hausta i forprosjektet skal nyttast til å rigga eit større forskingsprosjekt for 2018 - 2021. Visjonen er at Sogn og Fjordane vert ein spydspiss i arbeidet med å gjera programmering til eit fag der alle elevgrupper, også jentene, blir inkludert.