OMFATTANDE RESTAURERING: Tya skal i helga tilbake til kai på Årdalstangen. Fotoet er frå renoveringa ved Ornes båtbyggjeri. (Arkivfoto)

No kjem Tya heim

Laurdag kjem Tya til Kai på Årdalstangen.

Publisert 19.07.2019 kl. 08.00. Oppdatert kl. 08.15.

Årdal Sjøfront AS melder at den flotte veteranbåten i «Riva-stil» vart i si tid bygd ved Bjørke båtbyggeri i Rosendal i Hardanger. 


Båten har treverk i teak, mahogny, oregon pine og eik og segla for føste gong inn Årdalsfjorden i mars 1952. 


 


Omfattande restaurering

Etter omfattande restaurering ved Ornes Båtbyggeri i Luster er båten no klar for å på nytt segla inn Årdalsfjorden. Båten er restaurert tilbake til originale fargar med kvitt skrog og grønt tak.

Båten vil ligga til kai ved Meierihopen Gjestehamn, og Årdal Sjøfront AS vil mellom anna tilby fjordcruise for turistar og grupper som ønskjer ei unik oppleving på Sognefjorden i ein båt med mykje historie, opplyser Årdal Sjøfront.


Representasjon og ambulanse

Det var Årdal og Sunndal Verk som først kjøpte båten som representasjons- og ambulansebåt.


Sidan den gang har båten hatt mange eigarar og vore brukt til fleire føremål. No, nesten 50 år etter, har Årdal Sjøfront AS teke eigarskap i båten, og føremålet er at den vil bli sett i trafikk som turbåt for turistar og grupper alt i månadskiftet juli/august. Båten tek 12 passasjerar.


Les meir om: Nyhende Årdal