DÅRLEG FØRE: Det kan bli vanskelege køyreforhold mange stader når mildvêret festar grep om Vestlandet i løpet av tysdag. (Arkivfoto)

No kjem mildvêret - ventar vanskelege køyreforhold og betydeleg skredfare

Stigande temperatur og nedbør kan gje trøbbel på vegane.

Publisert 12.02.2019 kl. 06.43. Oppdatert kl. 06.51.

Mildvêret slår inn over Sør-Noreg tysdag, og meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel.


Frå tysdag ettermiddag og kveld er det venta lokalt vanskelege køyreforhold i samband med snø som går over til regn, og fare for regn som frys på bakken.


For Sogn og Fjordane er det tysdag meldt snø eller sludd, overgang til regn i lågareliggande område, først i ytre strøk.


Varsom.no melder om skredfare med faregrad 3. Nedbøren aukar, og ny vindauke med dreiing til sørvestleg stiv kuling gjer at skredfaren er venta å halda seg på om lag same nivå, men no med fleire skredproblem og større sjanse for naturleg utløyste skred. Temperaturauke på kvelden kan fukta snøen opp til ca. 800 moh, dette kan gje fare for våte laussnøskred i låglandet. Det er framleis vedvarande svake lag i snødekket som kompliserer situasjonen. 


 


 


Les meir om: Nyhende Trafikk