PÅ FØREHAND: I Noreg er det mogeleg å førehandsrøysta heile seks veker før sjølve valdagen. (Illustrasjonsfoto)

No kan du førehandsrøysta

Det er mogeleg å førehansrøysta til kommunestyre- og fylkestingsvalet frå 12. august til 6. september.

Publisert 12.08.2019 kl. 13.51.

I Noreg er det mogeleg å førehandsrøysta heile seks veker før sjølve valdagen. I denne perioden kan du røysta i det førehandsrøystelokalet du måtte ønska i heile landet.

- Det er viktig å hugsa på at det ikkje er mogleg å angra på røystegjevinga si i Noreg. Det betyr at om du førehandsrøystar, så kan du ikkje røysta på nytt, heller ikkje på valdagen, vert det understreka på nettsida valg.no.

I Noreg er det kommunen som tek imot førehandsrøyster. Kommunen avgjer kva tid og kvar det er mogleg å førehandsrøysta, og informerer veljarane sine om dette.

Mellom 1. juli og 11. august nytta 11.318 veljarar seg av moglegheiten til å tidlegrøysta før den ordinære førehandsrøysteperioden starta innanriks.

Tidllegrøysting er eit tilbod for dei som ikkje har moglegheit til å røysta verken i den ordinære førehandsrøysteperioden, fra 12. august til 6. september, eller på sjølve valdagen, 9. september.

 
 

Les meir om: Nyhende