NYE ADRESSER: Innbyggjarane i Leitevegen har fått ny adresse Leitebakkane. Snart bli skiltet med Kyrkjevegen skifta ut med Korea. (Foto: Bjørn Sølsnæs)

No heiter det Leitebakkane

Skilt med nytt namn er kome på plass.

Publisert 04.09.2019 kl. 11.32.

Med verknad frå 3. september har innbyggjarane i Leitevegen på Systrond fått ny adresse Leitebakkane, opplyser Leikanger kommune.


Dei nye skilta er på plass, og Folkeregisteret blir varsla automatisk, men folk må sjølve gje beskjed til sine kontaktar om adresseendringa.


Det kan òg ta noko tid før kart og nummeropplysning vert oppdatert.


For Kyrkjevegen, snart Korea, og Gjerde, snart Gjerdsfletene, er nye skilt tinga, så innbyggjarane også her kan bu seg på snarleg adressebyte.


Namnebyta skjer i samband med at Leikanger, Sogndal og Balestrand skal bli ein kommune. Lova opnar ikkje for at fleire parsellar kan ha same namn innan ein kommune. Fleire gatenamn går att i dei tre kommunane, og dermed må nokre av namna endrast før samanslåinga trer i kraft 1. januar 2020.


Les meir om: Nyhende Leikanger