FEKK JOBBEN: Torgeir Skålid er tilsett som dagleg leiar i Sogn Næring. (Pressefoto)

No har han fått fast jobb

Etter sytten månader som fungerande dagleg leiar i Sogn Næring, har Torgeir Skålid fått ny tillit på permanent basis.

Publisert 08.01.2019 kl. 10.04.

Tiltredinga gjeld frå 1. januar i år, etter ein rekrutteringsprosess før jul. Det var totalt ti søkjarar på stillinga og fleire aktuelle kandidatar.


- Den beste kandidaten

Styreleiar Agnar Holen og nestleiar Cecilie Njøs har, saman med Adecco Sogndal, leia prosessen på vegner av styret. Etter ein grundig vurdering med fleire intervjurundar, var rekrutteringsnemda og styret samde, går det fram av ei pressemelding.


- Me har valgt Torgeir Skålid som den beste kandidaten. Etter å ha vurdert alle aktuelle kandidatar, viste Torgeir seg å matche behova til næringsselskapet på beste måte. Han har relevant bakgrunn, erfaring og riktig motivasjon, fortel Agnar Holen, styreleiar i Sogn Næring.


I mai 2018 sa Per-Odd Grevsnes opp stillinga som dagleg leiar i Sogn Næring, etter å ha vore utleigd til Sogndal Skisenter. Han ønskja å gå inn i rolla som dagleg leiar i skisenteret på permanent basis.


Ny storkommune

Etter å har vore tilsett i ei prosjektstilling i Sogn Næring, tok Skålid tok over stillinga som fungerande dagleg leiar. Samtidig var framtida til selskapet usikker, med ein ny storkommune på trappene.


- I dag er me næringsselskap for kommunane Sogndal og Leikanger. Dette ønskjer me å vera i nye Sogndal kommune også, men i ein omstillingsprosess har utfallet vore usikkert. No viser alle signal at me fortset som næringsselskap i den nye storkommunen. Det er me takksame for, seier Holen.


Campus-miljøet

Skålid har med seg erfaring frå ulike rollar i Campus-miljøet. Sidan 90-talet har han vore sentral i utviklinga av Sognahallen, Idrettssenteret, Sogndal fotball, Bratt moro og Sogn Næring. Han har eit stort engasjement for lokalmiljøet og regionen han bur i. Dette er eigenskapar og interesser han vidarefører i arbeidet med nye kommunegrenser, heiter det i pressemeldinga.


- Å få fornya tillit er godt. Det gjer meg endå meir motivert til å gjera ein viktig og grundig jobb. Det boblar i næringslivet vårt om dagen, og eg er veldig klar for å setja i gang med alt det spennande som skjer, seier Skålid.