GLADMELDING: Ingebjørg Stedje har livmorhalskreft med spreiing. No har ho fått vite at det offentlege gjer eit unntak og betalar for behandling med immunterapi. (Foto: Mariann Bjelle)

No får Ingebjørg medisinen ho treng

Kreftsjuke Ingebjørg Stedje frå Sogndal fekk denne veka gladmeldinga om at Vestre Viken helseføretak gjer eit unntak og betalar for immunterapi.

Publisert 08.09.2017 kl. 14.09. Oppdatert kl. 14.13.

 - Dette utfallet hadde me ikkje grunnlag for å håpe på tidlegare, det har blitt aktuelt i lys av den uventa gode effekten medisinen har hatt. Me er svært glade og letta over denne avgjersla. Dette tek bort ei stor bør, og frigjer krefter som me kan bruke på andre fine ting. Me er no trygge på at eg kan fortsette med behandlinga, skriv Ingebjørg og familien på Facebook.


Livmorhalskreft

Stedje har livmorhalskreft med spreiing. Ho har gjennomgått tradisjonell kreftbehandling med stråling og cellegift, men behandlinga har ikkje klart å hindra sjukdommen i å utvikla seg vidare.


Då aksjonen «Ei god jul for Janne» i Årdal vart avslutta, var Ingebjørg ei av dei som fekk pengane som stod att i fondet, noko ho er svært takksam for. Pengane kom godt med då ho vart godkjent for privat immunterapibehandling på Aleris-klinikken i Oslo.


Det offentlege tilbyr vanlegvis ikkje denne behandlinga for pasientar med livmorhalskreft sidan det ikkje ligg føre breie, internasjonale studiar som kan dokumentera effekt på livmorhalskreft.


Men sidan Ingebjørg har hatt god effekt av dei tre første behandlingane med immunterapi, har Vestre Viken helseføretak gjort eit unntak. No får ho behandling ved sitt lokalsjukehus.


Nålauge

- Ho har verkeleg klart å koma gjennom eit nålauga, så dette var ei fantastisk melding å få, seier veninna Mariann Bjelle.


Ho har vore med og organisert innsamlingsaksjonen «Det umulige er mogleg».


Aksjonen kom i stand då vener skjøna at Ingebjørg måtte betala privat. Både i Oslo-området, og i Sogndal har det vore arrangert både treningsøkter og konsertar med meir for å samla inn pengar. Og medan ho måtte betale den første behandlinga sjølv, har aksjonen betalt for den andre og tredje runden med immunterapi. Kvar behandling kostar over 200.000 kroner.


- Me har fått fantastisk mange bidrag og helsingar fulle av varme og omtanke! Me veit at det er mange som gleder seg saman med oss no, skriv Ingebjørg på Facebook.


Bjelle i aksjonskomiteen har førebels ikkje oversikt over kor mykje pengar aksjonen har fått inn totalt, men trur at det er meir til overs


- Dersom det er pengar att, så må me ta ein diskusjon på kva pengane skal brukast til. Dei går i so fall til eit godt formål, seier Bjelle.


Ho er glad for at aksjonen var vellukka, og ekstra glad over at Ingebjørg no får behandlinga dekka av det offentlege. Aksjonen er no avslutta.


Les òg: Aksjonerer for kreftsjuk veninne


Les meir om: Nyhende Helse Sogndal

Siste saker Gå til framsida