STAUTE KARAR: Det blir folkrock i Meieriparket når Valdres-bandet Staut går på scena under årets Målrock. (Pressefoto)

No er Målrock-programmet komplett: - Me håpar på ein skikkeleg folkefest

- Me har prøvd å lytta til kva publikum ønskjer seg, og håpar at dette kan vera noko for alle.

Publisert 07.03.2019 kl. 18.30. Oppdatert kl. 19.54.

Det seier Thomas Norheim Moen, festivalsjef i Målrock, som no kan avsløra dei seks siste artistane som kjem til Meieriparken 9. og 10. august.


Her får nemleg målrock-publikummet servert pop og allsong med Trang Fødsel, folkrock med Staut og bergensrap med Omar Noir. I tillegg blir det heftig rock med karane i Howlin´ Sun og lokale innslag med tributebandet Stilige Dann og indieartisten Kaia Höl.


Før jul presenterte Målrock dei fem første artistane med The September When, Sondre Justad, Vestlandsfanden, Olav Stedje og Tyyl!


- Det blir utvilsamt liv og røre i Meieriparken i år. Det er eit stort spenn i artistane, noko me tykkjer er spennande, seier Norheim Moen, og legg til at dei prøver å gå så breitt ut som mogleg. 


- Me ønskjer å vera ein festival kor publikum skal kunne kosa seg med god musikk, og samstundes kunne føla at stemninga på festivalen er upåklageleg. Me ser at publikum ønskja enda meir preg av folkefest enn tidlegare, og til årets festival ligg alt til rette for nettopp dette. Me håpar artistane blir godt mottekne av publikum, og at 2019 blir eit kalas Årdal knapt har sett makan til.

Howlin Sun: Eit rockeband som er kjent for rå og frekke liveshow. (Pressefoto)

Dette skriv Målrock om artistane:

Trang Fødsel:


Den norske popgruppa vart danna i Bergen i 1992, og sidan dette har vokalist Hans Petter Aaserud vore i spissen. Sidan dette har gruppa levert fleire hittar som «Kursiv», «Fredag» og «Drømmedame». Trang Fødsel er kjent for ei festleg liveshow som representerer den norske sommaren på sitt beste.  


Staut: 


Med kombinasjonen fengjande melodiar, sterke og gode tekstar, særdeles dyktige musikara og ikkje minst eit veldig driv og energi på scenen, har gjengen frå Valdres vakse seg opp til å bli ein av de absolutt leiande i sin sjanger - folkrock.


Stilige Dann:


Øyvind Lægreid, mannen bak «Eagles på nynorsk» har no tromma saman eit nytt tribute band, til ære for den amerikanske gruppa Steely Dan. «Stilige Dann» er namnet og alle tekstar er sjølvsagt på nynorsk. Ideen var å setja nynorske/dialekt-tekstar til nokre av Steely Dan sine mest kjende låtar. Steely Dan vart etablert i 1972. Jazz, fusion, rock, funk og pop stod på repertoaret til gruppa som var kjend for å vera perfeksjonistar i alle musikalske samanhengar.


Omar Noir: 


Tidlegare kjent som Blvck O, er ein bergensarappar som stadig aukar i popularitet i hip/hop miljøet. Omar har varma opp for artistar som «The Game», «Unge Ferrari» og «Skepta». Omar rappar på engelsk og songen «The Plot» har passert 700 000 avspelingar på Spotify. Medan Omar har jobba med å produsere sin eigen musikk på norsk og engelsk har han samarbeida med blant anna artistar som giganten «Alan Walker». 


Kaia Höl: 


Årdølen er ein sjølvlært songskrivar og produsent. Allereie som 12-åring starta Kaia å produsere sin eigen musikk, og har vore svært aktiv sidan dette. Musikken hennar går under kategoriane indie, electronic og dream pop. 


Howlin Sun: 


Eit rockeband som er kjent for rå og frekke liveshow, der element frå den britiske 60-tals bluesen blandast med det beste frå gitardrevet rock. Howlin' Sun sitt debutalbum kom ut i februar 2018 og har hausta strålande kritikk frå europeiske kritikarar. 


Olav Stedje:


Den aller fyrste popstjerna frå Sogn og Fjordane er Olav Stedje. Sogndølen har alltid vore trivselsfylket sitt store musikkalibi, noko han eigentleg er enda, for kor enn han dreg så kjem publikum trufast på konsertane. Med låtar som «Silje», «Ein Nordmann Sin Draum», Vi Vandrar Saman» og sjølvsagt «Stao No Pao» så kjem dette til å bli eit nydeleg møte med Olav Stedje som endeleg er attende på Målrock.


The September When:


Det allers største norske rockebandet på nittitalet. Med Morten Abel i spissen har TSW levert klassiske album som «Huggermugger», «One Eye Open» og «Mother I've Been Kissed» og sette verkelege ein ny standard for norsk rock når dei herja hitlistene her til lands. No er dei endeleg attende på vegen og legg turen innom Målrock klare for allsong til superhitar som «Bullet Me», «Can I Trust You» og «Cries Like A Baby». Detta blir garantert ein høgdare folkens!


Sondre Justad:


Denne karen er Norges desidert største norsksyngande popartist. Debutalbumet «Riv i Hjertet» låg over eit halvanna år på VG-lista og låtane fekk over 30 millionar streams. Sondre Justad har fått ein heil ungdomsgenerasjon til å syngja med på dei fantastiske konsertane sine, og han har eit stadig veksande publikum i alle aldrar. Sist gong Justad besøkte Målrock var han ung, lovande og for mange ukjent, men etter den konserten har alle inkludert målrockpublikummet fått augo opp for denne fantastiske liveartisten. No kjem han endeleg tilbake til Målrock og er klar til å gje Målrockarar ei enorm konsertoppleving som garantert vil «Riva i Hjartet»!


Tyyl!


Dette nydelege rockeorkesteret har med konstant og fengjande rock levert ei rekkje episke låtar med tekstar på sognemål. Håvard Øyrehagen og resten av Tyyl! er ute med ei rykande fersk plate. Bli med på moroa folkens, for dei melde om stigande form og er klare for å rocke Målrock til Sognefjorden kjem på land!


Vestlandsfanden:


Når folkrock-bandet kjem dundrande langs vegen med følgjet sitt er det berre til å kva seg med på moroa. Med sitt ekstremt smittande humør og svingande folkrock risikerer du å hamne på dansegolvet og opp på borda før du veit ordet av det. Vestlandsfanden med Reidar Brendeland i spissen har levert festmusikk i 38 år og med låtar som «Plukka plommer i Hardanger» og «For livets glade gutter går solen aldri ned» kjem dette til å bli ein festkveld ein ikkje kan gå glipp av.

Kaia Höl: Årdølen er ein sjølvlært songskrivar og produsent. Allereie som 12-åring starta Kaia å produsere sin eigen musikk, og har vore svært aktiv sidan dette. (Pressefoto)


Stilige Dann: Lokale rockarar med tributeband, til ære for den amerikanske gruppa Steely Dan. (Foto: Privat)


Omar Noir: Tidlegare kjent som Blvck O, er ein bergensarappar som stadig aukar i popularitet i hip/hop miljøet. (Pressefoto)


Trang Fødsel: Den norske popgruppa vart danna i Bergen i 1992, og har fleire hittar som «Kursiv», «Fredag» og «Drømmedame». (Pressefoto)

Siste saker Gå til framsida