FRÅ BERGEN: Mellom banda som er stadfesta til festivalen i Fresvik, er bergensbandet Kakkmaddafakka. (Foto: Linn Heidi Stokkedal)

No er heile programmet til Fres Festival klart

Fres Festival offentleggjorde torsdag mellom anna at Kakkmaddafakka er klare for årets festival.

Publisert 06.06.2019 kl. 10.40.

- Kakkmaddafakka er kjent som eit av Noregs beste liveband og spelar jamleg for tusenvis av fans i Noreg, Danmark, Tyskland, Spania og Mexico. I tillegg kjem også den ultrahippe trioen Orions Belte og hiphop-kometane Angelo Reira og Martin Hazy. Det same gjer DJ Dottir, Girson og Teddy Touch, som skal lage nattklubbstemning i Fresvik tre kveldar på rad, fortel Håvard Ese Eliassen i festivalleiinga.


Med artistsleppet torsdag, er årets program komplett, vert det opplyst i ei pressemelding.


På programmet for festivalen i Fresvik, som finn stad torsdag 25. juli til og med laurdag 27. juli, finn ein: White Denim, Kvelertak, Team Me, Kakkmaddafakka, Pom Poko, Thea Hjelmeland, Malin Pettersen, Frøkedal, Amgala Temple, Amada Tenfjord, TØFL, Martin Hazy og Angelo Reira, Girson, Teddy Touch og DJ Dottir.


I tillegg vert det livesending med Radio Fres frå scena på dagtid, melder arrangørane.


Les meir om: Nyhende Kultur