HARDHAUS: Mykje tyder på at sniglane toler vinterens betre enn før. (Foto: Rolf Magnus W. Sæther)

No er dei her - sterkare enn nokon gong

Den tørre sommaren i fjor tok knekken på mange brunsniglar.

Publisert 26.04.2019 kl. 17.00.

Men no kjem dei tilbake, og dei kan vere sterkare enn nokon gong, skriv nyhendebyrået Newswire i ei pressemelding.


Sommaren 2018 var uvanleg tørr og varm i store delar av landet noko som tok kverken på mange av brunsniglane.


- Kvar sommar brukar eg å bli nedringt av fortvila hageeigarar som klagar over brunsniglar og lurer på korleis dei skal bli kvitt dei. I fjor høyrde eg ingenting, seier Petter Bøckman, universitetslektor og zoolog ved Naturhistorisk museum.


To forhold

To klimaforhold skapar problem for brunsnigelen, ein tørr sommar og ein kald og snøfattig vinter. Denne vinteren har dei hatt flaks.


- Når brunsniglane går i vinterdvale under bakken, fungerer snøen som ei varmande dyne over skjulestaden deira. Sniglar toler ikkje at temperaturen i kroppen går under null. I år har det vore relativet mildt, med passeleg mengder snø i Sør- Norge. Brunsniglane har hatt det lunt og behageleg, seier Bøckman.


Hardføre

Dette er ikkje den einaste dårlege nyhenda for hagefolket. Mykje tyder på at sniglane toler vinteren betre enn før.


- Brunsniglar parar seg med vår heimlege svarte skogssnigel. Avkommet blir ein mørkebrun blandingssnigel. Sneglebestanden er truleg blitt motstandsdyktig mot norsk vinter, fordi den har tatt med seg genar frå svart skogssnigel. Det er kanskje ikkje rett å kalle det to artar lenger, men variantar av den same arten, seier Bøckman.


Metodar

Er du plaga av slimete gjester i hagen, finst det metodar for å halde dei på avstand.


- Ein smart metode er å beskytte blomster og planter på, er å nytta kobbertape som ein barriere. Tapen festar du rundt potter, blomsterkasser og dyrkingskasser, eller rundt busker og planter i hagen.


Forklaringa er sniglar likar ikkje kobbar, så de snur umiddelbart når dei kjem i kontakt med kobberet i tapen.


Andre triks er vegar av grus, bark og flis fordi sniglane ikkje liker skarpe ting som må passerast.


Kaffigrut i komposten er eit anna råd, eller sneglefeller med øl som fleire nyttar seg av.


 


Les meir om: Nyhende Natur og miljø