OPEN: Slik ser det ut på Hemsedalsfjellet søndag ettermiddag. Mest alle fjellovergangane er opna att.(Webkamera: Statens vegvesen)

No er alle fjellovergangane opne att

Årdal-Tyin vart opna for få minuttar sidan.

Publisert 17.03.2019 kl. 15.03.

Uvêret på fjellet har løya. Det er godt nytt for bilistar og brytemannskap. I dag tidleg var det berre på E16 over Filefjell det var fri ferdsel. No er situasjonen ein heilt annan.

- Det er betrakteleg betre vêr no og alle fjellovergangangane, med unnatak av fylkesveg 53 Årdal-Tyin, er opne, seier Kristian Fauskam på Vegtrafikksentralen.
- Reknar de også med å få opna Årdal- Tyin snart?
- Me håpar at me skal klara det i løpet av kvelden, seier Fauskam.

SISTE: Klokka 17.40 melder Vegtrafikksentralen at også fylkesveg 53 Årdal-Tyin er opna for fri ferdsel att.

Riksveg 7 over Hardangervidda er framleis stengd. Der har det gått eit snøras på eit par hundre meter og Vegtrafikksentralen opplyser at det er usikkert når det kan opnast for kolonne der.


Les meir om: Nyhende Trafikk