NÅDDE TOPPEN: Her er dei frå Luster som nådde heilt til topps på Galdhøpiggen. (Privat foto)

Ni av ti nådde toppen

Fleire veker med trening og hardt arbeidd førte dei Til Topps på Galdhøpiggen.

Publisert 08.07.2018 kl. 12.56. Oppdatert kl. 13.08.

- Ni av dei ti flyktningane me hadde med oss klarte å koma heilt til topps.


Det seier Anita Kjørlaug i Luster frivilligsentral.

primus motor: Anita Kjørlaug (midten) har organisert turen frå Luster, og treningane i forkant med god hjelp frå Linda Goldmann i Luster Røde Kors. Redwan lurte seg med på bilete med damene. (Privat foto)

Integrering

Til Topps er årets sprekaste integreringsarrangement. Røde Kors samlar menneske frå heile verda som bur i Noreg for å gå saman til toppen av Galdhøgpiggen.


I helga 29-30. juni var ein heil delegasjon frå Luster til Lom for å nå toppen av Galdhøpiggen 2469 moh. Turen starta fredag ettermiddag med buss frå Gaupne til Lom der dei deltok på Kulturfestivalen med leikar, god mat og flott underhaldning. Dei overnatta i lavvo på Nordal Turistsenter .


- Dette var ei kald natt for mange, seier Kjørlaug.


Neste morgon var det avreise frå Lom til Juvasshytta kl. 07.15


Nydeleg vêr

Turen starta frå Juvasshytta ca. kl. 09.30, og dei nådde toppen ca. kl. 12.45.


- Ei fantastisk oppleving i aldeles nydeleg vêr. Det var skyfri himmel, sol og vindstille.


Vel attende i Luster avslutta dei turen med felles middag på Gaupnetunet. Kjørlaug seier ein slik tur krev mykje planlegging, og ho takkar alle involverte.


- Ei stor takk til Luster Røde Kors og deira frivillige som var med på turen. Utan dei hadde me ikkje klart å gjennomføra dette. Takk også til andre frivillige som deltok på turen, til dei som var med på treningsturane i forkant, og til Luster Sparebank som sponsa oss med solbriller/sitjeunderlag og skadlaturkle.


Også Sogndal Røde Kors og Sogndal frivilligsentral bidrog. Dei stilte med lån av alt av turutstyr som sko og turklede.