Nekta å avlysa trass lite snø

Sjølv i Jostedalen har dei måtta flytta arrangement denne vinteren grunna lite snø. Men skreiedag vart det.

Publisert 21.03.2017 kl. 09.09.

Over 40 personar deltok då Jostedal helselag arrangerte skreiedag i februar.


- Sidan det har vore lite snø i år kunne me ikkje vera på Myri. Men å avlysa kom ikkje på tale, fortel Mary Aasen, leiar i Jostedal helselag.


Åsavegen vart skrapa, og feristene vart fylte med snø.


- Tilskiparane hadde sytt for å ha postering i Giljetunet. Det gjekk lynande raskt, og over 40 var med. Etter fire skreieturar storma alle inn i Haugstova til Arne. Der hadde helselagsdamene kokt 30 liter med ymse gode supper, brød, saft, kaffi og kake, fortel Aasen og legg til at mange av ungane spør etter ein ny skreiedag.


- Det må vera eit teikn på at det var vellukka.


Les meir om: Nyhende Video Luster