Nedgang i arbeidsløysa - Sogn og Fjordane framleis lægst i landet

I november var arbeidsløysa i Hordaland og Sogn og Fjordane til saman på 2,0 prosent av arbeidsstyrken.

Publisert 02.12.2019 kl. 14.20.

Det er ein nedgang på 1.200 personar i høve til november i fjor, melder NAV Vestland.


- Gode tider i arbeidsmarknaden gjev mange positive ringverknader, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes, som bit seg merke i at mange langtids arbeidssøkjande no har kome seg i arbeid.


- Det er ein nedgang på 25 prosent i arbeidsløysa hjå dei som har vore arbeidssøkjarar i meir enn to år. Me ser òg ein solid negang i talet på permitterte, det tyder på at det går bra i næringslivet for tida, seier Bogsnes.


NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland med verknad frå 2019, og har sidan gjeve ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.


I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,1 prosent, medan Sogn og Fjordane framleis har den lægste arbeidsløysa i landet, med 1,3 prosent.


Les meir om: Nyhende Notis Næringsliv