ØVING: Naudetatane skal ha øving ved Campus på Fosshaugane torsdag. Her frå ei tidlegare utrykking. (Arkivfoto)

Naudetatane skal ha øving - åtvarer mot sterke inntrykk

Torsdag vil det vera politi, brannmannskap og ambulanse i utrykking på Campus og i nærleiken av Campus i Sogndal.

Publisert 14.03.2019 kl. 14.07. Oppdatert kl. 14.08.

Politi og hjelpemannskap skal mellom klokka 16.00 og 19.30 torsdag øva på scenario innan pågåande, livstrugande vald. Naudetatane skal øva på samarbeid ved til dømes terrorhandlingar.


- Snakk med born

- Me gjer publikum merksame på at det kan bli sterke inntrykk, og foreldre og føresette bør informera born og unge om at dette berre er ei øving, vert det opplyst i ei pressemelding frå fylkeskommune.


Det er ikkje ynskjeleg med tilskodarar under øvinga, går det fram av pressemeldinga.


Samarbeid

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland, politiet, Sogndal kommune, Høgskulen på Vestlandet og Sogndal Fotball samarbeider om beredskapsøvinga.


Øvinga er todelt. På dagtid vert det ei diskusjonsøving for dei involverte partane og ei øving for naudetatane på ettermiddagen.


Sogndal idrettshall og symjehallen vil verta stengde for publikum frå klokka 11 og ut dagen. Parkeringa rundt Sogndal vidaregåande skule vil verta stengd frå klokka 15.


Les meir om: Nyhende Politi Sogndal