SNØ: Finvêret for tida gir låge temperaturar om natta som held snødekket intakt. Det betyr at det kan bli greie skiforhold fleire stader på Vestlandet i påsken. (Arkivfoto)

Nattefrosten bergar snømengdene

Det er von om fine skiturar i påsken.

Publisert 10.04.2019 kl. 07.17.

Det er sein påske og i fjellet i Sør-Noreg har det vore mindre snø enn vanleg. No vil solskinet etterkvart også gje snøsmelting. Men det fine vêret gir også låge nattetemperaturar, noko som «konserverer» snøen, skriv NVE i ei pressemelding.


På Vestlandet er det ein meter snø i fjellet fleire stader.


- På fjellet på Vestlandet har det allerede vore vårleg nokre veker, og på eit tidspunkt såg det ut som om mykje snø skulle forsvinna før påske, seier hydrolog Heidi Bache Stranden i NVE.


- Det er nattefrosten som bergar snømengdene, og sjølv om snøgrensa kan ligga så høgt som 500 - 600 moh i dei sørlegaste områda, er det snø nok i fjellet til påske, seier Stranden.


Sogndal skisenter Hodlekve melder på sine facebooksider om slike tilhøve, der kalde netter gir knallhardt underlag og lengre skisesong, i tillegg til at solskinet gir påskeslush om dagen.


Yr melder om klarvêr og minusgrader om natta gjennom heile palmehelga, men stigande temperaturar når me kjem til påskeveka.


Over ein meter i snitt

I Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal er det ifølgje NVE i gjennomsnitt 160 - 170 centimeter snø i 1000 meters høgde.


I gjennomsnitt er det 150 centimeter snø i 1000 meters høgde i Rogaland og Hordaland. På målestasjonen midt i skisenteret i Røldal er det framleis nesten 90 cm snø, medan målestasjonen midt i skisenteret i Myrkdalen truleg har ein meter med snø.


NVE oppmodar også folk til å lesa oppdaterte snøskredvarsel og isvarsel på varsom.no før dei legg ut på tur.


Siste saker Gå til framsida