Måtte nok ein gong stengja tunnel grunna presenning i vegen - no er det opna att

Publisert 17.06.2019 kl. 10.05. Oppdatert kl. 10.28.

Gudvangatunnelen på E16 måtte måndag føremiddag stengjast gunna ein gjenstand i vegbana, opplyste Vegtrafikksentralen klokka 10 måndag.


Frå Vegtrafikksentralen vart det opplyst at det dreidde seg om ein presenning som låg i vegbana 2-3 kilometer frå Gudvangen.


Også søndag kveld måtte tunnelen stengjast grunna ein presenning som låg i vegen.


Klokka 10.17 melder Vegtrafikksentralen at tunnelen er open att.


Les meir om: Nyhende Aurland Trafikk