FEKK BOT: Tre tenestepliktige i Sivilforsvaret i Sogn og Fjordane har fått bot for å ikkje møta til lovpålagd teneste. (Foto: Sivilforsvaret)

Møtte ikkje til teneste - fekk saftig bot

Politiet har bøtelagt tre tenestepliktige personar i Sogn og Fjordane etter at dei ikkje møtte til teneste.

Publisert 14.01.2019 kl. 15.07.

Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt er operativt og administrativt ansvarleg for Sivilforsvaret si verksemd i Sogn og Fjordane. Dei skal syta for at mannskapa er trena og rusta for oppdrag i å beskytta befolkninga og samfunnet.

Sivilforsvaret byggjer sine styrkar og teneste på bruk av tenesteplikt, tilsvarande verneplikt. Og dette er ei lovpålagd plikt for den einskilde. Ugyldig fråvær frå pålagd teneste som f.eks. kurs, øving og skarp innsats er å rekna som lovbrot og kan straffeforfølgast jf. Lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelseslova) §7 og §8 1.ledd og §9 1.ledd.
 
I samsvar med dette er tre tenestepliktige mannskap i Sogn og Fjordane melde til Politiet for å ikkje ha møtt til teneste. Alle tre må betala eit førelegg på 8.000 kroner kvar. Det skriv Sivilforsvaret i ei pressemelding.


Les meir om: Nyhende Nye Sogndal