Motorsyklist skadd i samanstøyt med hjort i Sunnfjord

Publisert 16.05.2019 kl. 06.14.

Ein MC-førar køyrde på ein hjort på E39 ved Skilbrei natt til torsdag.


Politiet fekk melding klokka 00.02 torsdag. Motorsyklisten har truleg brote ein arm i samanstøyten, og vart køyrd til Førde sentralsjukehus.


Hjorten vart drepen i kollisjonen.


Les meir om: Nyhende Notis Politi