Meldt for manglande førararrett

Publisert 10.01.2019 kl. 06.59. Oppdatert kl. 08.12.

Onsdag ettermiddag vart 13 bilar stoppa i Sogndal av Statens vegvesen. 


12 av køyretøya hadde skriftlege manglar.


Dette enda med to bruksforbod og ein avskilting.


Eit køyretøy vart anmeldt.


Meldt for manglande førararrett

Ein førar køyrte bil utan å ha førarrett.


Vedkommande opplyste Statens vegvesen om at han hadde time til oppkøyring om kort tid.


Dette heldt ikkje og føraren er no meldt.


Mangla lys

Ti køyretøy hadde manglande hovudlys - eit lys som ikkje lyser.


Eit køyretøy vart avskilta på grunn av manglande periodisk kontroll.


To køyretøy hadde skriftleg mangel for støy og øydelagte eksosanlegg.


Les meir om: Nyhende Sogndal Trafikk