Melding om svartkledd mann i tunnel - politiet rykte ut

Publisert 22.08.2019 kl. 12.08. Oppdatert kl. 12.35.

Politiet opplyser at dei like før klokka 12 fekk melding om at ein svartkledd mann går i Flenjatunnelen i Aurland. Mannen er på veg i retning Gudvangen.


Vegtrafikksentralen har stengt tunnelen, og politiet køyrde til staden.


Klokka 12.30 opplyser Vest politidistrikt at mannen er ute av tunnelen.