Det har danna seg lang kø etter tunnelstenging, her på Hol-sida. (Foto: Renate Sæle)

Melding om røyk vart avklart - Stondaltunnelen er opna for fri ferdsel

Publisert 11.07.2019 kl. 15.43. Oppdatert kl. 17.02.

Stondaltunnelen på fv. 50 Aurland-Hol vart torsdag ettermiddag stengd.


SISTE: Klokka 16.44 melder Vegtrafikksentralen at situasjonen er avklart og tunnelen er opna for fri ferdsel.


Årsaka til stenginga var røykutvikling. Klokka 15.50 vart det opplyst at brannvesenet hadde funne ein forlaten elbil i tunnelen. Men ingen veit kvar sjåføren er, skriv Vegtrafikksentralen på Twitter. Då gjekk meldingane ut på at elbilen vart funnen med røykutvikling i.


- Ingen veit kvar eigaren er, og tunnelen blir stengd til bilen er ute, sa Kjetil Larsen ved Vegtrafikksentralen.


Bilberging vart rekvirert. Det er forøvrig både naudtelefonar og brannapparat i tunnelen, men desse er ikkje tekne i bruk.


Etter at det har versert litt ulike meldingar om kva som har skjedd, har Alarmsentralen fått avklart at det ikkje har vore brann i tunnelen eller i bilen.


- Det viser seg seg at dei i elbilen forlot bilen grunna røyken, seier Nina Andal ved Alarmsentralen i 16.40-tida.


Det kom også melding om ein buss som skal ha køyrt igjennom tunnelen, med røykutvikling.


- Vakthavande møtte ikkje denne på veg opp til tunnelen, seier Andal.


Det var forventa at tunnelen ville vera stengd i fleire timar. Fjellovergangen vart også stengd vestfrå.


Men kring klokka 16.40 melder Andal at det er sleppt kolonne gjennom, og at tunnelen snart blir opna att.


Vest politidistrikt opplyser på side at det ikkje er noko brann i tunnelen, men kanskje trøbbel med det elektriske anlegget. Elektrikar vart sendt avgarde for å sjekka. 


- Me fekk også melding om knitring i el-anlegg, og dette blir sjekka, seier Larsen.


 


Les meir om: Nyhende Trafikk