Melder om auka snøskredfare

Publisert 29.05.2019 kl. 07.15.

Varsom.no melder om auka snøskredfare i Indre Sogn og i Jotunheimen onsdag og torsdag. Etter ein periode med liten snøskredfare, vert det onsdag og torsdag varsla moderat snøskredare, som er faregrad 2.


Vind og nysnø vil gje ustabile forhold i bratte heng. Unngå leområde der det samlar seg fersk fokksnø, typisk bak ryggar, i søkk og renneformasjonar, er oppmodinga.


31. mai avsluttar Snøkredvarslinga sesong nummer sju. Varslinga startar opp att 1. desember.


På nettsida varsom.no vert det opplyst at det denne sesongen har vore 13 dødsulukker i Noreg, noko som er fleire enn på lenge. I tre av ulukkene har årsaka vore skavlbrekk, og mange av dei andre ulukkene er knytt til skredproblemet vedvarande svake lag i snødekket, vert det opplyst.


Les meir om: Nyhende Fjellsport Notis

Siste saker Gå til framsida