Meld til politiet for overlast

Publisert 12.09.2018 kl. 15.21.

Vegvesenet hadde kontroll på Håbakken tysdag kveld og natt til onsdag.


Føraren av ein varebil med henger vart meld til politiet fordi han stakk for kontrollen. Han vart også meld for overlasta kjøretøy og for ikkje å ha montert fartsskriver i bil. Det vart òg gjeve bruksforbod for manglande transportløyve og ikkje montert fartsskriver.


To køyretøy vart begjært avregistrert på grunn av ikkje godkjend kontrollseddel. Dette vart ordna på staden, opplyser vegvesenet.


Ein semitrailer som var begjært avregistrert for manglande periodisk køyretøykontroll fekk inndrege registreringsmerka. Ein personbil hadde teknisk mangel og vart ilagt bruksforbod for manglande frontrute.


Les meir om: Nyhende Lærdal Notis Trafikk