Meld til politiet etter grøftegraving

Publisert 20.02.2018 kl. 13.53.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har meldt Lærdal kommune til politiet etter at kommunen har grave i eit område med over tusen år gamle kulturminne, melder NRK.

Lærdal kommune søkte aldri om løyve til denne utgravinga, som vart gjort for å kopla til eit vatn- og avløpsanlegg på Håbakken til prestegarden på Tønjum.

Kommunen grov ei lang og djup grøft i eit freda område som ligg inne i kommunen sin kulturminneplan. Tilbake på 90-talet blei det registrert viktige funn frå ein over tusen år gamal busetnad på marka der det blei grave.

 
 

Les meir om: Nyhende Lærdal Notis Politi