LITE SNØ: - Det er lite snø i fjellet, noko som gjer brøytinga enklare, peiker ordførar Ivar Kvalen i Luster på. (Arkivfoto)

Meiner det ligg godt til rette for å opna Sognefjellet alt til påske

Ordførar Ivar Kvalen peiker på at Sognefjellsvegen er viktig for reiselivet og ber om at vegen vert opna tidleg i år.

Publisert 04.03.2019 kl. 10.53.

Ordføraren i Luster peiker i eit brev til fylkeskommunen på at det i år ligg godt til rette for å opna fylkesveg 55 over Sognefjellet til påske.


- Påsken er sein i år, palmesundag er den 14. april. Det er dessutan lite snø i fjellet, noko som gjer brøytinga enklare, skriv han i brevet.


Kvalen peiker på at Sognefjellsvegen er ein viktig fjellovergang for reiselivet i Sogn.


- Sognefjellsvegen er Noregs fyrste nasjonale turistveg, og truleg den flottaste. Dei siste åra har vegen vorte opna etter vinterstenging innan 1. mai. Me veit at reiselivet i Sogn no arbeider aktivt for å utvikla skuldersesongane. Opne vegar er ein grunnleggjande føresetnad for å få turistar i lågsesongen, heiter det frå ordføraren.