ULUKKE: Ulukka skjedde ved Jernbanebrui, også kjent som Øvste brui, på Årdalstangen. (Foto: Hanne Stedje)

MC-ulukke på Tangen

Føraren vart send til sjukehus med luftambulanse.

Publisert 27.08.2018 kl. 21.21.

Måndag kveld fekk politiet melding om ei trafikkulukke på Årdalstangen.


- Det var ei singelulukke. Ein motorsykkel køyrde av vegen og sykkelen hamna delvis ut i elva ved Jernbanebrui. Føraren vart frakta med luftambulanse til sjukehus, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved Vest politidistrikt.


Han seier politiet ikkje kjenner til skadeomfanget og at dei so langt ikkje har fått melding frå helse om kva sjukehus føraren vart frakta til.


Alle naudetatane rykte ut til ulukka som skal ha skjedd litt før klokka 19.30.


Les meir om: Nyhende Politi Årdal